1 Ei tid etter hende det som no skal forteljast. Absalom, son til David, hadde ei fager syster som heitte Tamar. Henne hadde Amnon, ein annan av sønene til David, vorte glad i.
2 Amnon lengta slik etter Tamar, syster si, at han var reint sjuk. For han såg seg inga råd til å koma nær henne, sidan ho var møy.
3 Men Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab; han var son til Sjima, bror til David, og var ein svært klok mann.
4 Ein dag sa han til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du ser så sturen ut kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.»
5 Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg får han av hennar hand.»