11 Men då ho rette dei til han og bad han eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12 Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk!
13 Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.»
14 Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne.
15 Men etterpå fekk Amnon eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Og han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»
16 Ho svara: «Nei bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den fyrste du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.
17 Han ropa på tenaren som stelte for han, og sa: «Få denne kvinna ut or huset, og steng døra etter henne!»