13 Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.»
14 Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne.
15 Men etterpå fekk Amnon eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Og han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»
16 Ho svara: «Nei bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den fyrste du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.
17 Han ropa på tenaren som stelte for han, og sa: «Få denne kvinna ut or huset, og steng døra etter henne!»
18 Tamar hadde på seg ein sid kjole med lange ermar, for i slike kjolar gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei ikkje var gifte. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.
19 Tamar strøydde støv på hovudet, reiv sund den side kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.