19 Tamar strøydde støv på hovudet, reiv sund den side kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.
20 Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og sorgfull heime hjå Absalom, bror sin.
21 Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.
22 Sidan sa Absalom aldri eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han bar hat til Amnon fordi han hadde ført vanære over Tamar, syster hans.
23 To år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor, som ligg ved Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24 Fyrst gjekk han til kongen og sa: «No skal tenaren din klyppa sauene. Vil ikkje du, konge, og mennene dine gjera så vel og vera med?»
25 Men kongen svara: «Nei, son min; vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom talde for han, men kongen ville ikkje koma og bad farvel med han.