2 Amnon lengta slik etter Tamar, syster si, at han var reint sjuk. For han såg seg inga råd til å koma nær henne, sidan ho var møy.
3 Men Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab; han var son til Sjima, bror til David, og var ein svært klok mann.
4 Ein dag sa han til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du ser så sturen ut kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.»
5 Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg får han av hennar hand.»
6 Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei straks ho er ferdig med dei.»
7 Då sende David bod inn i slottet til Tamar: «Gå heim til Amnon, bror din, og stell til mat åt han!»
8 Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan Amnon såg på, og steikte dei.