23 To år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor, som ligg ved Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24 Fyrst gjekk han til kongen og sa: «No skal tenaren din klyppa sauene. Vil ikkje du, konge, og mennene dine gjera så vel og vera med?»
25 Men kongen svara: «Nei, son min; vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom talde for han, men kongen ville ikkje koma og bad farvel med han.
26 Då sa Absalom: «Men om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med!» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»
27 Men Absalom nøydde han til han lét både Amnon og alle dei andre kongssønene få vera med han.
28 Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!»
29 Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.