28 Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!»
29 Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.
30 Medan dei endå var på vegen, nådde det ordet til David at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.
31 Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg ned på jorda. Og alle mennene hans stod der med sundrivne klede.
32 Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til ords og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som har mist livet. For det har etter Absaloms eigne ord vore avgjort heilt frå den dagen han førte vanære over Tamar, syster hans.
33 Så bry deg ikkje om det når dei seier at alle kongssønene har mist livet. For det er berre Amnon som er død.»
34 Imedan hadde Absalom rømt.Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.