32 Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til ords og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som har mist livet. For det har etter Absaloms eigne ord vore avgjort heilt frå den dagen han førte vanære over Tamar, syster hans.
33 Så bry deg ikkje om det når dei seier at alle kongssønene har mist livet. For det er berre Amnon som er død.»
34 Imedan hadde Absalom rømt.Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.
35 Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»
36 Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga.
37 Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida.
38 Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.