35 Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»
36 Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga.
37 Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida.
38 Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.
39 Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over sorga etter Amnon.