8 Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan Amnon såg på, og steikte dei.
9 Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han; men han ville ikkje eta. Han bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,
10 sa han til Tamar: «Kom hit inn i kammeret med maten, så eg kan ta imot han av di hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i romet til Amnon, bror sin.
11 Men då ho rette dei til han og bad han eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12 Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk!
13 Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.»
14 Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne.