1 Då Joab Serujason skjøna at kongen lengta etter Absalom,
2 sende han bod etter ei klok kone som budde i Tekoa, og sa til henne: «Lat som om du har sorg! Kled deg i syrgjebunad, og salva deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne når ho i lang tid syrgjer over ein som er død.
3 Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.
4 Kona frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp, konge!»