14 For alle må vi døy og verta liksom vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv; han tenkjer på korleis ein som er bortstøytt frå han, ikkje lenger skal vera bortstøytt.
15 No kjem eg og legg denne saka fram for deg, herre konge. For dette folket skræmde meg, og då tenkte eg: Eg vil tala med kongen. Kanskje gjer han det eg bed han om.
16 Kongen vil nok høyra på meg og berga tenestkvinna si frå den mannen som vil rydja både meg og son min ut or det landet Gud har gjeve folket sitt.
17 Eg tenkte, herre konge, at eit ord frå deg ville vera meg til trøyst. For du, herre konge, er som Guds engel og skjønar deg både på godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!»
18 Då tok kongen til ords og sa til kona: «Døl ikkje for meg det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho.
19 Kongen spurde: «Har ikkje Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kona svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma utanom noko av det du seier, herre konge, korkje til høgre eller venstre. Ja, det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som la meg alle desse orda i munnen.
20 Det var for å gje saka ei ny vending at Joab, tenaren din, gjorde dette. Men du, herre, er vis som Guds engel og veit om alt som hender i landet.»