2 sende han bod etter ei klok kone som budde i Tekoa, og sa til henne: «Lat som om du har sorg! Kled deg i syrgjebunad, og salva deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne når ho i lang tid syrgjer over ein som er død.
3 Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.
4 Kona frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp, konge!»
5 «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.
6 Tenestkvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen som kunne skilja dei åt. Då slo den eine til den andre og drap han.
7 Og no har heile ætta reist seg mot tenestkvinna di og seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo bror sin i hel; så får vi med det same rudt arvingen or vegen. – Såleis kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att; dei unner mannen min korkje namn eller etterkomarar på jorda.»
8 Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av dette.»