20 Det var for å gje saka ei ny vending at Joab, tenaren din, gjorde dette. Men du, herre, er vis som Guds engel og veit om alt som hender i landet.»
21 Så sa kongen til Joab: «Vel, eg skal gjera som du vil. Far i veg og henta den unge guten, Absalom.»
22 Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar eg, tenaren din, at du har godvilje for meg, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg.»
23 Så gjorde Joab seg ferdig; han fór til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.
24 Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for augo mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.
25 Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han.
26 Frå tid til anna vart håret hans så langt at han laut klyppa det. Og når han så gjorde, vog det to hundre sekel etter den vekt som kongen nytta.