23 Så gjorde Joab seg ferdig; han fór til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.
24 Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for augo mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.
25 Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han.
26 Frå tid til anna vart håret hans så langt at han laut klyppa det. Og når han så gjorde, vog det to hundre sekel etter den vekt som kongen nytta.
27 Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei fager kvinne.
28 Absalom budde no i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen.
29 Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller.