25 Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han.
26 Frå tid til anna vart håret hans så langt at han laut klyppa det. Og når han så gjorde, vog det to hundre sekel etter den vekt som kongen nytta.
27 Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei fager kvinne.
28 Absalom budde no i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen.
29 Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller.
30 Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at tett innmed jordet mitt har Joab ein byggåker. Gå av stad og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren.
31 Då fór Joab opp, gjekk heim til Absalom og sa: «Kvifor har tenarane dine svidt av åkeren min?»