30 Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at tett innmed jordet mitt har Joab ein byggåker. Gå av stad og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren.
31 Då fór Joab opp, gjekk heim til Absalom og sa: «Kvifor har tenarane dine svidt av åkeren min?»
32 Absalom svara: «Du veit eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Kviler det skuld på meg, får han heller drepa meg.»
33 Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han.