1 Då det leid av ei tid, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang føre han.
2 Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, kalla Absalom han til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hi av Israels-ættene,
3 sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.»
4 Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»
5 Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.
6 Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene.
7 Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren!