13 Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.»
14 Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»
15 Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.»
16 Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset.
17 Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset.
18 Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.
19 Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din.