24 Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen.
25 Men kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste attende til byen. Har Herren godvilje for meg, lèt han meg koma heim att, så eg får sjå både paktkista og staden der ho står.
26 Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»
27 Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.
28 Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.»
29 Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande.
30 Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.