27 Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.
28 Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.»
29 Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande.
30 Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.
31 David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!»
32 Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet.
33 David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg.