32 Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet.
33 David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg.
34 Men går du attende til byen, kan du gjera Akitofels planar til inkjes for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.
35 Der har du prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongsgarden, skal du seia frå om til dei.
36 Begge sønene deira, Akima’as, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»
37 Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.