4 Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»
5 Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.
6 Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene.
7 Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren!
8 For då eg budde i Gesjur i Aram, gav eg denne lovnaden: Lèt Herren meg få koma heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»
9 Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron.
10 Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»