9 Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron.
10 Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»
11 Saman med Absalom drog det to hundre mann som var bedne med frå Jerusalem. Dei fylgde med i god tru og visste ikkje om noko.
12 Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
13 Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.»
14 Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»
15 Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.»