1 Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av åsryggen, fekk han auga på Siba, som var tenestemann hjå Mefibosjet; han kom imot han med eit par kløvesel. På dei førte han to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ei hit med vin.
2 Kongen sa til Siba: «Kva vil du med dette?» Siba svara: «Esla skal kongslyden ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i øydemarka.»
3 Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil Israels-folket gje meg att kongedømet åt farfar min.»
4 Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Gjev du alltid må visa meg godvilje, herre konge!»
5 Då kong David nådde fram til Bakurim, kom det ein mann ut or byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Som han kom, forbanna han David
6 og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.
7 Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!