12 Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.»
13 Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.
14 Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.
15 Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med.
16 Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!»
17 Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?»
18 Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.