14 Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.
15 Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med.
16 Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!»
17 Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?»
18 Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.
19 Dessutan, kven er det eg går i teneste hjå? Er det ikkje hjå son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»
20 Då sa Absalom til Akitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?»