17 Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?»
18 Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.
19 Dessutan, kven er det eg går i teneste hjå? Er det ikkje hjå son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»
20 Då sa Absalom til Akitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?»
21 Akitofel svara: «Gå og ligg med fylgjekonene til far din, dei han lét vera att her for å sjå etter huset. Når så heile Israel får høyra at du har gjort deg reint til uvens med far din, får dei mot, alle som fylgjer deg.»
22 Då sette dei opp eit telt på taket for Absalom, og han gjekk inn, så heile Israel kunne sjå det, og låg med fylgjekonene til far sin.
23 På den tid var eit råd frå Akitofel like gjævt som det ordet ein fekk når ein bad Gud om råd i ei sak. Så mykje talde Akitofels råd både for David og Absalom.