4 Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Gjev du alltid må visa meg godvilje, herre konge!»
5 Då kong David nådde fram til Bakurim, kom det ein mann ut or byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Som han kom, forbanna han David
6 og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.
7 Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!
8 No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!»
9 Då sa Abisjai Serujason til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna deg, herre konge? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»
10 Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»