33 Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hjå meg i Jerusalem.»
34 Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem?
35 Eg er no åtti år gamal. Eg merkar ikkje lenger skilnaden på godt og ringt og kjenner ikkje smaken av det eg et og drikk. Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle eg så vera til bry for deg, herre konge?
36 Eg ville berre fylgja kongen eit stykke på vegen. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?
37 Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest!»
38 Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Og alt du ynskjer, skal eg gjera for deg.»
39 Så sette heile hæren over Jordan, men kongen vart ståande. Han kyste Barsillai og velsigna han, og Barsillai fór heim att.