39 Så sette heile hæren over Jordan, men kongen vart ståande. Han kyste Barsillai og velsigna han, og Barsillai fór heim att.
40 Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket fylgde kongen, og like eins halve Israels-folket.
41 Men best det var, kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har frendane våre, judearane, teke kongen og ført han og huslyden hans og alle Davids menn over Jordan?»
42 Då tok alle judearane til ords og svara israelittane så: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levt på kongen eller hatt nokon føremon av han?»
43 Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor har de sett bort frå oss? Var det ikkje vi som fyrst tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane gav eit endå hardare svar enn israelittane hadde gjeve.