4 Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min!»
5 Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført vanære over alle mennene dine, dei som i dag har berga både ditt liv og livet åt sønene og døtrene, konene og fylgjekonene dine.
6 Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du synt at du korkje bryr deg om hovdingane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levt i dag, og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera.
7 Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å verta verande hjå deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.»
8 Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han.Israelittane hadde rømt heim, kvar til seg.
9 Då tok folket i alle Israels-ættene til å tretta med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarveldet. No har han rømt landet for Absalom.
10 Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i striden. Kvifor gjer de då ingen ting for å henta kongen heim att?»