1 I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då vende David seg til Herren og spurde han til råds. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og ætta hans fordi han drap folk i Gibeon.»
2 Kongen kalla då til seg mennene i Gibeon og tala med dei. Gibeons-buane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Israelittane hadde gjort pakt med dei, men Saul hadde prøvt å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.
3 David sa til Gibeons-mennene: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg sona det som er gjort, så de kan velsigna Herrens eigedom?»
4 Gibeons-mennene svara: «Vi vil korkje ha sølv eller gull av Saul og ætta hans, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»
5 Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydja oss ut, så det ikkje skulle finnast att nokon av oss i heile Israels-landet.