14 Og dei gravla beina av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava åt Kisj, far til Saul. Alt gjorde dei så som kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som steig opp frå landet.
15 Endå ein gong vart det krig mellom filistarane og israelittane. David og mennene hans drog ned og stridde mot filistarane, og David vart trøytt og sliten.
16 Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sekel, og han bar eit nytt sverd.
17 Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»
18 Sidan kom det til ny strid med filistarane, ved Gob. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane etter Rafa.
19 Endå ein gong kom det til strid med filistarane ved Gob, og Elkanan, son til Ja’are-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.
20 Sidan kom det til strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.