17 Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»
18 Sidan kom det til ny strid med filistarane, ved Gob. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane etter Rafa.
19 Endå ein gong kom det til strid med filistarane ved Gob, og Elkanan, son til Ja’are-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.
20 Sidan kom det til strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.
21 Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.
22 Alle desse fire var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.