2 Kongen kalla då til seg mennene i Gibeon og tala med dei. Gibeons-buane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Israelittane hadde gjort pakt med dei, men Saul hadde prøvt å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.
3 David sa til Gibeons-mennene: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg sona det som er gjort, så de kan velsigna Herrens eigedom?»
4 Gibeons-mennene svara: «Vi vil korkje ha sølv eller gull av Saul og ætta hans, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»
5 Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydja oss ut, så det ikkje skulle finnast att nokon av oss i heile Israels-landet.
6 Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi bryta armar og bein på dei for Herren i Gibea, der Saul, Herrens utvalde, høyrde heime.» Då sa kongen: «De skal få dei.»
7 Kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.
8 Men kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa Ajjadotter, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal Saulsdotter hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola,