5 Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydja oss ut, så det ikkje skulle finnast att nokon av oss i heile Israels-landet.
6 Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi bryta armar og bein på dei for Herren i Gibea, der Saul, Herrens utvalde, høyrde heime.» Då sa kongen: «De skal få dei.»
7 Kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.
8 Men kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa Ajjadotter, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal Saulsdotter hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola,
9 og gav dei i hendene på Gibeons-mennene, som skamfór dei oppe på fjellet for Herrens åsyn. Såleis kom dei av dage alle sju på ein gong. Det var i dei fyrste dagane av skurdonna, tidleg i byggskurden, dei vart drepne.
10 Rispa Ajjadotter tok syrgjeklede og breidde ut under seg på berget. Og der sat ho frå fyrst i kornskurden heilt til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho sytte for at fuglane under himmelen ikkje sette seg på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta.
11 Då David fekk høyra kva Rispa Ajjadotter, fylgjekona til Saul, hadde gjort,