18 Så var det Abisjai, bror til Joab og son til Seruja; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.
19 Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.
20 Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve.
21 Like eins felte han ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd.
22 Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.
23 Han var høgt vørd mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
24 Til dei tretti høyrde Asael, bror til Joab; Elkanan, son til Dodo, frå Betlehem;