2 Gjennom meg talar ¬Herrens Ande,hans ord er på mi tunge.
3 Israels Gud har tala,Israels Berg har sagt til meg:«Den som styrer folket ¬med rettferd,den som rår med gudsfrykt,
4 han er lik morgonljosetnår sola renn ¬ein skylaus morgon,og graset gror i sol etter regn.»
5 Så har mitt hus det med Gud.Med meg har han gjort ¬ei evig pakt,vel skipa og nøye halden.Ja, alt som tener til mi frelse,alt eg ynskjer, lèt han gro fram.
6 Men dei gudlause, dei er allelik tornar som ein kastar bort,ingen rører dei med hendene.
7 Den som kjem nær dei,væpnar seg ¬med jern og spydskaft.Så vert dei brende i elden.
8 Dette er namna på krigarane åt David:Fyrst var det Josjeb-Basjebet av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.