4 han er lik morgonljosetnår sola renn ¬ein skylaus morgon,og graset gror i sol etter regn.»
5 Så har mitt hus det med Gud.Med meg har han gjort ¬ei evig pakt,vel skipa og nøye halden.Ja, alt som tener til mi frelse,alt eg ynskjer, lèt han gro fram.
6 Men dei gudlause, dei er allelik tornar som ein kastar bort,ingen rører dei med hendene.
7 Den som kjem nær dei,væpnar seg ¬med jern og spydskaft.Så vert dei brende i elden.
8 Dette er namna på krigarane åt David:Fyrst var det Josjeb-Basjebet av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.
9 Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ein av dei tre krigarane som var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid der. Israelittane drog seg attende,
10 men han heldt ut og hogg ned filistarar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger, og då stridsmennene vende om og fylgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.