9 Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ein av dei tre krigarane som var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid der. Israelittane drog seg attende,
10 men han heldt ut og hogg ned filistarar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger, og då stridsmennene vende om og fylgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.
11 Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistarane samla seg ved Leki. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistarane,
12 gjekk Sjamma midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.
13 Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.
14 David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.
15 Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»