1 Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!»
2 Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: «Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.»
3 Joab svara kongen: «Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?»
4 Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane.Så drog Joab og hærførarane bort frå kongen og skulle mønstra Israels-folket.