18 Same dagen kom Gad til David og sa: «Gå opp til treskjevollen åt jebusitten Aravna og reis eit altar for Herren der!»
19 Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt, og Herren hadde bode.
20 Som no Aravna såg nedover, fekk han auga på kongen og mennene hans, som kom mot han. Då gjekk Aravna ut, kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda
21 og sa: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så folket kan friast for pesten.»
22 Då sa Aravna til David: «Ta du vollen, herre konge, og ofra så kva du vil! Sjå, her er oksane til brennoffer og treskjesledane og åket åt oksane til ved.
23 Alt dette vil Aravna gje deg, konge.» Og han la til: «Gjev Herren din Gud må vera nådig mot deg!»
24 Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sekel sølv.