22 Då sa Aravna til David: «Ta du vollen, herre konge, og ofra så kva du vil! Sjå, her er oksane til brennoffer og treskjesledane og åket åt oksane til ved.
23 Alt dette vil Aravna gje deg, konge.» Og han la til: «Gjev Herren din Gud må vera nådig mot deg!»
24 Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sekel sølv.
25 Og han bygde eit altar for Herren der og bar fram brennoffer og måltidsoffer. Då høyrde Herren bønene som steig opp frå landet, og pesten heldt opp å herja i Israel.