1 Striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta vart dryg. Og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætta veikare og veikare.
2 David fekk desse sønene medan han budde i Hebron: Den fyrste var Amnon, som han fekk med Akinoam frå Jisre’el.
3 Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Ma’aka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur.
4 Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital.
5 Den sjette var Jitream, son til Egla; ho òg var kona til David. Desse sønene fekk David i Hebron.
6 Så lenge striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls-ætta.
7 No hadde Saul hatt ei fylgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Ein gong sa Isjbosjet til Abner: «Kvifor har du vore saman med fylgjekona til far min?»