11 Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner.
12 Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.»
13 David svara: «Godt, eg vil gjera pakt med deg. Berre ein ting krev eg av deg: At du ikkje kjem for augo mine utan at du har med deg Mikal Saulsdotter.»
14 Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.»
15 Då sende Isjbosjet bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.
16 Mannen fylgde med. Han gjekk gråtande etter henne heilt til Bakurim. Der sa Abner til han: «Far heim att!» Då snudde han og fór heim att.
17 Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge.