23 Då Joab var vel heime att med heile hæren, kom det nokre menn til han og sa: «Abner Nersson kom til kongen, og han lét han fara trygt bort.»
24 Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva er det du har gjort? Når Abner kom til deg, kvifor lét du han då fara sin veg?
25 Du kjenner då Abner Nersson? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du tek deg føre.»
26 Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David.
27 Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin.
28 Sidan fekk David høyra om dette. Då sa han: «Aldri vil Herren halda meg og kongedømet mitt skuldig i drapet på Abner Nersson.
29 Gjev straffa må koma over Joabs hovud og over heile farsætta hans! Gjev det i Joabs ætt alltid må vera folk som har utflod eller hudsjukdom, som går med krykkjer, fell for sverd eller er matlause.»