26 Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David.
27 Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin.
28 Sidan fekk David høyra om dette. Då sa han: «Aldri vil Herren halda meg og kongedømet mitt skuldig i drapet på Abner Nersson.
29 Gjev straffa må koma over Joabs hovud og over heile farsætta hans! Gjev det i Joabs ætt alltid må vera folk som har utflod eller hudsjukdom, som går med krykkjer, fell for sverd eller er matlause.»
30 Såleis drap Joab og Abisjai, bror hans, Abner fordi han hadde felt Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.
31 Så sa David til Joab og til alle som var med han: «Riv sund kleda dykkar, ta på dykk syrgjeplagg og hald lik-klage over Abner!» Sjølv gjekk kong David etter båra.
32 Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og alt folket gret.