34 Dine hender var ikkje bundne,dine føter ikkje lagde i lekkjer.Du fall som ein fell ¬for ugjerningsmenn.Då gret folket endå meir over han.
35 Sidan kom folket og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gladd!
36 Folket merka seg dette og lika det godt. Alt det kongen gjorde, lika dei godt.
37 Den dagen skjøna alle som var samla, ja heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner Nersson.
38 Og kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at ein hovding og stor mann i Israel er fallen i dag.
39 Eg er enno for veik, om eg er salva til konge, og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»