6 Så lenge striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls-ætta.
7 No hadde Saul hatt ei fylgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Ein gong sa Isjbosjet til Abner: «Kvifor har du vore saman med fylgjekona til far min?»
8 Då Abner høyrde det Isjbosjet sa, vart han brennande harm og sa: «Er eg berre eit hundehovud som held med Juda? Den dag i dag viser eg truskap mot ætta åt Saul, far din, mot frendane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap for denne kvinna skuld!
9 Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer det for David som Herren har lova han.
10 Eg vil ta kongedømet frå Sauls-ætta og reisa Davids kongsstol både over Israel og Juda, frå Dan til Be’er-Sjeba.»
11 Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner.
12 Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.»